Del Skriv ut Legg til bokmerke

Nekrolog

» Vis alle     «Forrige «1 ... 11 12 13 14 15 16 17 18 19 ... 109» Neste»     » Lysbildefremvisning

MINNEORD

MINNEORD av Anne Marie Romtveit, 9. mai 2018

I dag, 9.mai for 40 år sidan, vart Knut fødd på Rjukan sjukehus. Dei to systrene hans var 10 og 8 år eldre, så han var ein særs velkommen attpåklatt. Han var også einaste guten av barnebarna på Bui.

Oppveksten var trygg, kvar dag leik og skule, kvar kveld høgtlesing og visesong. Han fryda seg over ord og tonar og var ein medviten målmann.

Han hadde venner i Åmot og på Skålestrondi, - symjing, sykkel og snobrett var favorittaktivitetane, samt song og soger, seinare dans og spel.

Knut vart tidleg gift med Hilde, som han møtte på Valle vidaregåande der dei båe var elevar på folkemusikklinja (- «fokkemusikklinja», som han bruka seia).

Dei to busette seg i Eydehavn, men var ofte heimatt, på Steinsås hjå Hilde sine foreldre og innom «Hjasabakkjen» (Harebakken-senteret) og handla.

Då han døydde i oktober 2004, var han nett ferdig med sjukepleiareksamen, og dei to unge venta barn. Dotter deira er no 13 år.

Knut er gravlagt på kyrkjegarden i Arendal. Bjørnen av Skule Waksvik, er montert på gravsteinen fordi han vart kalla Brum av oss her heime, sidan han elska alle sogene om Ole Brum.

Det er uendeleg trist at han vart sjuk, og at me miste han. Minna er mange, glade og gode, men saknet er stort og nært.

Media TitleMINNEORD
Media Notesav Anne Marie Romtveit, 9. mai 2018
Eier av original/KildeAnne Marie Romtveit
Dato9 Mai 2018
Linket tilKnut Romtveit

» Vis alle     «Forrige «1 ... 11 12 13 14 15 16 17 18 19 ... 109» Neste»     » Lysbildefremvisning





Sidene drives av The Next Generation of Genealogy Sitebuilding v. 14.0.2, skrevet av Darrin Lythgoe © 2001-2024.

Redigert av Slekten Beyer. | Retningslinjer for personvern.